Regler for fiske
 

Regler for fiske utgitt av fylkesmannen i Rogaland

   

§ 1. Definisjonar
Døgnkvote: Tal på laks og/eller sjøaure som kvar fiskar kan fange kvart døgn. Kroka fisk: Ein fisk er definert som kroka dersom kroken
ikkje sit i eller tett attmed kjeften. Vinterstøing: Laks eller sjøaure som har overvintra i elva. Innlandsfisk: All annan fisk i vassdrag
enn laks og sjøaure.

§ 2. Fisketider
På elvestrekningar med laks eller sjøaure gjeld fisketidene også for innlandsfisk, dersom ikkje anna er nemnt i forskrifta. Det er ikkje tillete å fiske etter ål. Fisketida gjeld frå og med den første dagen kl. 00.00 til og med siste dagen kl. 24.00.

§ 3. Døgnkvote
Døgnkvoten er 3 laks og/eller sjøaure (totalt 3 fisk) for elvane i Rogaland. Kvoten er personleg og følgjer fiskekortdøgnet eller kvar
dato for helg, veke og sesongkort. Når ein fiskar har nådd døgnkvoten, skal fisket straks opphøyre. Rettshavarane står fritt til å redusere
denne kvoten. Laks som har uomtvistelege ytre kjenneteikn på å vere rømd oppdrettslaks, blir ikkje rekna inn i kvoten.
For Sira, Bjerkreimselva og Suldalslågen gjeld eigne kvoter, sjå § 7a), 7b) og 7d).

§ 4. Krokingsforbod
Det er ikkje lovleg å fiske på ein slik måte at fisk blir kroka. Dersom ein krokar fisk og dette skuldast måten eller staden ein fiskar på,
skal fisket straks ta slutt.

§ 5. Forbod mot fiske av vinterstøing
Det er ikkje tillate å fiske vinterstøingar av laks og sjøaure. Støingar som likevel blir fanga, skal straks setjast ut mest mogleg uskadd.

§ 7b. Særlege reglar for Bjerkreimselva
I Bjerkreimselva er det ein døgnkvote på 2 laks og/eller sjøaure i juni. I resten av sesongen er det ein døgnkvote på 3 laks og/eller
sjøaure. Laks som har uomtvistelege ytre kjenneteikn på å vere rømd oppdrettslaks blir ikkje rekna inn i kvoten.

§ 7c. Særlege reglar for Lyseelva
I Lyseelva er det ein total fangstkvote på 40 villaks og 150 sjøaure. Når kvoten er nådd blir elva stengd for fiske. Laks som har
uomtvistelege ytre kjenneteikn på å vere rømd oppdrettslaks blir ikkje rekna inn i kvoten.

§ 7d. Særlege reglar for Suldalslågen
I Suldalslågen er det ein døgnkvote på 1 villaks over 75 cm, totalt 3 laks per døgn. Laks som har uomtvistelege ytre kjenneteikn på å
vere rømd oppdrettslaks blir ikkje rekna inn i kvoten.

§ 8. Krav om fangstrapportering
Alle som fiskar laks og/eller sjøaure skal rapportere fangstresultata på fastsett måte. Den som eig fiskeretten er pliktig å melde inn
fangsten innan fastsett frist.

§ 9. Fredingssoner i vassdrag
I fredingssonene er alt fiske forbode. Grensene for dei freda områda er merkte med boltar eller røyr. Alle som fiskar nær fredingssonene,
pliktar å gjere seg kjende med sonegrensene før fisket tek til.

Dei nye fiskereglane gjeld til og med 2014.
I denne perioden kan det oppstå situasjonar der reguleringane må vurderast på nytt, og
eventuelt endrast. Alvorlege endringar i menneskeskapte påverknader eller uventa kraftige svingingar i laksebestandane kan gjere det
naudsynt å endre fiskereglane. Dersom det i reguleringsperioden vert etablert tilfredstillande lokal organisering i eit vassdrag, kan reguleringsregimet
vurderast på nytt. Vi minner om at lov om laksefisk og innlandsfisk med tilhøyrande sentrale og lokale forskrifter set
dei ytre rammene for utøving av fisket, og at rettshavarane står fritt til å fastsette eigne fiskereglar innanfor desse rammene.
Fylkesmannen vil oppmode elveigarlaga om å følgje bestandsutviklinga tett og kvart år vurdera behov for regulering av fisket.
Aktuelle tiltak for å redusere uttaket kan vere å avgrense fisketida, lågare personlege døgnkvoter eller å avgrense reiskapsbruk t.d.
forbod mot mark, gulp (kunstig mark) eller spinnar.

   
               
Sira 01. juli - 31. aug. se § 7a
Sokndalselva 15. juni - 20. sept. Kun onsd.t.o.m. sønd.
Hellelandselva 01. juli - 20. sept.  
Bjerkreimselva 01. juni - 20. sept. se § 7a
Ogna 01. juni - 10. sept.  
Fuglestadelva 01. juni - 20. sept.  
Kvassheimelva 01. juni - 10. sept.  
Søndre Varhaugselv 01. juni - 10. sept.  
Nordre Varhaugselv 01. juni - 10. sept.  
Håelva 15. juni - 20. sept.  
Orreelva Ikke åpen for fiske  
Figgjoelva 15. juni - 20. sept.  
Storånå i Sandnes 01. aug. - 31. aug.  
Dirdalselva 15. juni - 31. aug.  
Frafjordelva 15. juni - 31. aug. Kun torsd t.o.m. sønd.
Espedalselva 01. juni - 31. aug. Kun torsd t.o.m. sønd.
Eiaelva Ikke åpen for fiske  
Lyseelva 15. juni - 20. sept. se § 7c
Jørpelandselva 15. juli - 31. aug. Kun fred t.o.m. sønd.
Årdalselva 01. juni - 31. aug. Kun onsd t.o.m. sønd.
Hjelmelandselva 01. aug - 31. aug.  
Vormo 15. juni - 31. aug.  
Førre Ikke åpen for fiske  
Ulla 15. juni - 31. aug. Kun torsd. t.o.m. sønd.
Hålandselva 15. juni - 31. aug.  
Suldalslågen 20. juli - 30. sept. (sjå § 7d).
Storelva/Nordelva Sauda Ikke åpen for fiske  
Vikedalselva Ikke åpen for fiske  
Rødneelva Ikke åpen for fiske  
Åmselva Ikke åpen for fiske  
Svensbøelva 1. aug - 31. aug  
Oseelva 1. aug - 31. aug  
Kvaleelva Ikke åpen for fiske  
Grindeelva Ikke åpen for fiske  
   
Utskriftsvennlig side Utskrifts vennlig side (åpnes i eget vindu)